Vikegata
6150 Ørsta
Norge

Vi gjentek suksessen frå ifjor og ønsker herved alle velkomne til VW treffet «Luftkjølt Laurdag 2018» i gågata i Ørsta!
I fjor var vi over 60 bilar og vi håpar å få enda fleire i år.
Har du ein VW med LUFTKJØLT motor er du hjartleg velkomen til å stille ut bilen din. Om den er blank eller rusta har ingenting å seie,her er alle velkomne. Vi satsar på minst like bra ver som ifjor!
Arrangementet er GRATIS for absolutt ALLE og har ingen påmelding.
Oppstilling klokka 10.30-11.30
Utstilling klokka 11.00-14.00
Premieutdeling klokka 13.30
Kjøring/råning klokka14.00
Det blir publikumavstemning og diverse.
Premiering for lengst reisande, finaste bil,nest finaste bil og publikumfavoritt.
Salg av pølser med brød,brus og kaffi og kake
Vær med å lag liv i Vikegata du også!